Nyhetsartikkel

09 mars 2017

Løyve til Innerelva kraftverk i kommunane Storfjord og Kåfjord i Troms

NVE gir Bekk og Strøm AS løyve til bygging av Innerelva kraftverk i Storfjord og Kåfjord kommune i Troms.

Utbygginga vil kunne få konsekvensar for reindrifta i Helligskogen reinbeitedistrikt, men NVE meiner at avbøtande tiltak vil redusere konsekvensane slik at desse ikkje blir uakseptable for distriktet.

Bekk og Strøm AS har fått løyve til Innerelva kraftverk i Innerelva, som er grenseelv mellom Storfjord og Kåfjord kommune. Kraftverket vil nytta eit fall på 617 m og vil ha ein forventa produksjon på omlag 10,2 GWh. Dette svarar til straumbruken til 510 husstandar..

Utbygging vil kunne få konsekvensar for ei viktig trekklei for rein og ein hekkeplass for ein sårbar rovfuglart. Ein føresetnad for løyvet er at utbygging skjer på ein slik måte at reindriftsinteressene ikkje blir skadelidande, og på eit tidspunkt som ikkje får konsekvensar for hekkande rovfugl i nærleiken.

Ut over dette er det berre registrert biologisk mangfald av lokal verdi, og Innerelva har etter NVEs syn avgrensa landskapsverknad. NVE meiner at utbyggingsplanane er akseptable i forhold til allmenne interesser og gjev derfor løyve til bygging av Innerelva kraftverk.

Søknaden om Innerelva kraftverk var ein av 4 småkraftsøknader i Storfjord kommune som blei sendt på høyring samstundes. Dei tre andre søknadane er blitt trekte av søkjarane.

Les meir om løyvet til Innerelva kraftverk

Kommentarer

kommentarer