Grønt lys for kraftutbygging i Høyanger
Nå er det endeleg klart at det blir stor kraftutbygging på Østerbø i Høyanger kommune.
Bak utbygginga står Sogn og Fjordane Energi og BKK, der konsernstyra no har gjort sine vedtak.
Det har dei seinare åra vore langt mellom dei store nye vasskraftutbyggingane i Noreg, men denne veka vart klarsignalet gitt til éi av dei: Østerbø kraftverk, på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Etter fleire år med konsesjonshandsaming og prosjektering kan konsernsjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane Energi fornøgd konstatere at prosjektet no blir realisert.
8000 husstandar
Kraftverket vil levere ein årleg middelproduksjon på 165 GWh når det blir sett i drift, noko som svarer til forbruket i over 8000 husstandar. SFE blir største eigar av kraftverket, med 58 prosent eigardel. I tillegg står selskapet som konsesjonær og ansvarleg for utbygginga. Med seg på laget har dei BKK, som skal eige 42 prosent av kraftverket.
– Med dagens skattenivå er det få større kraftverk som blir bygd ut, og det seier noko om potensialet som ligg i Østerbø kraftverk. Dette er også eit døme på godt samarbeid mellom energiselskap på Vestlandet. Vi står sterkare saman enn kvar for oss, seier konsernsjef Jannicke Hilland i BKK i pressemeldinga.
I samband med kraftutbygginga skal det byggast ein 21 km 132kV kraftleidning frå Østerbø til Stordalen i Masfjorden kommune.
Naturlege føresetnader
Østerbø kraftverk skal byggast 600 meter inne i fjellet ved Østerbø. Lenger oppe i fjellet skal kraftverket hente vatn frå magasinet i Nykjevatnet, som igjen får overført vatn frå mellom andre Strupefossvatnet i Mjølsvikvassdraget. Rauboti meiner området byr på spesielt gode, naturlege føresetnader for vasskraft.
– Nykjevatnet er eit naturleg magasin, med stor lagringskapasitet og veldig god reguleringsevne. Dét har ein ekstra stor verdi i dagens kraftmarknad, med stadig større innslag av uregulerbar småkraft og vindkraft. I tillegg har prosjektet ein god miljøprofil sett opp mot størrelsen på produksjonen, seier Rauboti.
Lokal verdiskaping
På Østerbø har grunneigarar den siste tida venta spent på kraftselskapa sine investeringsvedtak. Ein som var glad då vedtaket om utbygging vart kjent, er Geir Helge Østerbø, grunneigar og kommunestyremedlem i Høyanger.
– Etter mi meining er dette ein gledas dag for både oss på Østerbø og heile kommunen. Utbygginga gir kommunen millionar til næringsfondet og i form av årlege skattar og avgifter. På Østerbø blir det gjort investeringar i infrastruktur, fiber og næringsbygg som kjem lokalsamfunnet til gode under og etter utbygginga. For ikkje å snakke om kva fire år med anleggsverksemd til fleire hundre millionar kan gi av ringverknader for lokale selskap, seier Østerbø i pressemeldinga.
Første spadetak i kraftutbygginga skjer i mai i år, og Østerbø kraftverk skal stå ferdig i løpet av 2020.