Nyhetsartikkel

22 desember 2016

NVE tilrår løyve til eksisterande Trælandsfos kraftverk i Kvinesdal

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Trælandsfos as løyve til å drive Trælandsfos kraftstasjon vidare med moderne vilkår. Kraftverket ligg i Kvinesdal kommune i Vest-Agder.

Trælandsfos kraftverk vart kalla inn til konsesjonshandsaming på grunn av omsynet til laksebestanden i Kvina.

NVE meiner at det må sleppast ei heilårleg minstevassføring på strekninga frå inntaket til kraftverket og til avløpet frå kraftverket som er lik dagens minstevassføring i vassdraget. Det må også settast av vatn og gjerast fysiske tiltak for å sikre opp- og nedvandring av fisk forbi kraftverket.

NVE legg vekt på at det er fleire prosessar på gang i Kvinavassdraget som mellom anna har som mål å betre forholda for laksen. Ein sentral føresetnad for å få det til, er at laksen klarer å passere Trælandsfos kraftverk både opp og ned.

NVE meiner at vidare drift av kraftverket med moderne miljøvilkår og avbøtande tiltak vil kunne ivareta fisk- og fiskeinteressene i denne vassdragsdelen på ein akseptabel måte.

Olje- og energidepartementet står for den vidare sakshandsaminga

Les meir om sakshandsaminga av Trælandsfos kraftverk i Kvinesdal

Kommentarer

kommentarer