Nyhetsartikkel

21 desember 2016

Ventetida over for småkraftverka

Rundt 100 småkraftprosjekt har stått på vent i Sogn og Fjordane, nokre av dei sidan 2009. No er kraftlinja Ørskog-Sogndal i drift og dei kan endeleg starte opp.

Eitt av småkraftverka som allereie er i gong med produksjonen, er Kjørstad kraftverk i Eid.

– Det er ei utruleg god kjensle å sjå at alt surrar og går og fungerer som det skal med kraftverket, seier Einar Bakke til nyheitsbyrået Newswire.

Einar Bakke er ein av åtte eigarar av småkraftverket som utnyttar fallet i Kjørstadelva. Dei kom i gong med straumproduksjonen for nokre månader sidan. Då hadde dei sitte med konsesjonen i handa sidan 2009 og venta på klarsignal til å kople seg på.

– Det tok nokre år å få konsesjonen på plass, og då vi endeleg fekk den, var det akkurat for seint. Vi fikk beskjed om at vi ikkje fekk kople oss på nettet før den nye 420 kV-linja var bygd, seier Bakke.

Lang ventetid
Det blei sju lange år til med venting, før småkraftdraumen endeleg blei oppfylt for dei åtte grunneigarane i sommar.

– Vi hadde dessverre ein uvanleg turr oktober månad, så då var det berre så vidt generatoren produserte straum. Men elles er vi godt fornøgde med det vi har sett so langt, seier småkrafteigar Einar Bakke.

Målet er å klare ein årleg kraftproduksjon på 7,5 GWh. Det tilsvarar forbruket til rundt 350 husstandar.

Kom som ei bylgje
Årsaka til at dei måtte vente så mange år med å starte opp småkraftverket sitt, er at Statnett i 2009 sette foten ned for alle slike prosjekt i Sogn og Fjordane.

– Det eksisterande nettet i fylket var for svakt. Det var rett og slett ikkje nok kapasitet til at nye småkraftverk og andre fornybarprosjekt kunne kople seg på, seier prosjektleiar Magne Maurset i Statnett.

No som 420 kV-linja frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre står ferdig, er alt klart for tilkopling av ny kraftproduksjon i området.

– Det å få småkraftprosjekta på nett var jo ein viktig del av grunngjevinga for å bygge denne kraftlinja, så no er vi veldig glade for at den er ferdigstilt og spenningssett, seier divisjonssjef Atle Isaksen i Sogn og Fjordane Energi (SFE), som legg til at det no er 78 småkraftverk i fylket som har fått konsesjon og som har venta i inntil sju år på å få starte opp. I tillegg er det fleire som er inne til konsesjonsbehandling hos NVE.

– Interessa for småkraft kom som ei bylgje på starten av 2000-talet, og den kom fort på oss. Det er synd at utbyggarane har måtte vente så lenge. Samtidig var det lite å gjere med, så lenge sentralnettet ikkje hadde god nok kapasitet, seier Isaksen i SFE.

Sikrar pensjonen
For Einar Bakke og dei andre eigarane av småkraftverket på Kjørstad, var det håpet om å spe på inntekta som vekte interessa.

– Vi hadde gått og sett på denne elva som vi har fallrett til, og tenkt på korleis vi kunne gjere den til ei ekstra inntektskjelde, seier Bakke.

Småkraftverk var i vinden, og med god hjelp frå eksterne konsulentar, starta dei planlegginga.

– Ingen av oss hadde noko greie på kraftproduksjon frå før. Vi er ein gjeng beståande av alt frå pensjonistar til bønder, snikkarar og ein seljar, seier Bakke.

Ein gang blir dei alle pensjonistar, og det er då dei håpar at småkraftverket skal begynne å kaste av seg.

– Med det lånet vi har i dag, er ikkje overskotet noko å snakke om. Men på lengre sikt håper vi at vi skal få noko att for det vi har investert, seier småkrafteigaren.

 

Kommentarer

kommentarer