Nyhetsartikkel

22 november 2016

Tilrår eitt ja og eitt nei til vasskraftsøknadar i Hordaland

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje løyve til Voss Energi AS sin søknad om overføring av Svartavatn og Krokatjørna til Torfinnsvatn i Voss kommune. NVE rår samstundes OED til å avslå søknad om løyve til Møyåni kraftverk frå Nordkraft Prosjekt AS.

Voss Energi har søkt om å overføre både Svartavatn og Krokatjørna til Torfinnsvatn. Vatnet vil kunne nyttast i reguleringsmagasinet til Hodnaberg kraftverk og vil gje til saman 15,5 GWh ny, fornybar energi i Hodnaberg kraftverk. Dette svarar til straumforbruket til om lag 775 norske husstandar. Krafta vil vere 100 prosent regulérbar.

Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til redusert opplevingsverdi for folk som nyttar området til fotturar, jakt og fiske. NVE meiner likevel at dei landskapsmessige endringane vil bli relativt avgrensa etter at anleggsperioden er over og området er sett i stand.

Samla sett vurderer NVE at fordelane ved overføringane i høve til dei ålmenne og private interessene, er større enn skadane og ulempene. NVE legg vekt på at tiltaka vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar, og vil gje betre utnytting av vasskraftressursane i eit allereie utbygd vassdrag.

Rår til avslag til Møyåni småkraftverk
Samstundes rår NVE at OED ikkje gjev løyve til Møyåni småkraftverk, nedstraums Svartavatn, i Vaksdal kommune i Hordaland. NVE meiner at inngrepa i eit viktig friluftsområde vil bli store, og at vassressursen kan bli betre utnytta i dei eksisterande kraftverka i Bergsdalen.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om overføring av Svartavatn

Les meir om overføring av Krokatjørna

Les meir om Møyåni kraftverk

Kommentarer

kommentarer