Gode tider for småkraftverk
Trass i lav straumpris, tener fleire småkraftverka gode pengar. – Byggekostnaden per produserte kilowattime er avgjerande, sier leier av Småkraftforeninga.
– Ja, for fire av anlegga har vi fått godkjenning for å verte ein del av ordninga med elsertifikat. Dette betyr ein snittpris på 14,5 øre ekstra per kWh i ein tiårsperiode, skriv Nett.no.
Det seier dagleg leiar Trond Ryslett for dei fem småkraftverka som ligg under Elvekraftverk.no.
Dei fire kraftverka som vert med i elsertifikatordninga har ein årsproduksjon på rundt 50 GWh, slik at årleg ekstra inntening kjem opp i rundt 7,5 millionar kroner.
– Dette er gode pengar, som kan brukast både til oppgradering, vedlikehald og til ekstra utbyte, seier Ryslett.
Gardbrukarar og ‘vanlege folk’
Han har det daglege ansvaret for kraftverka Heidelva, Sundal og Kviven i Austefjorden i Volda kommune, samt Skjåstad og Vågen kraftverk på Bjørke i Ørsta kommune.
– Vi har betalt ut rundt 40 millionar kroner i utbyte dei siste åtte åra, seier Ryslett.
Det er totalt 30 eigarar på dei fem kraftverka. Ryslett seier at utbyta kjem godt med.
– Dette er gardbrukarar og ‘vanlege folk’. Utbytet ser ein mellom anna att på korleis gardane vert vedlikehaldne.
– I grisgrendte strok er slike inntekter ekstra kjærkomne.
Høgaste inntekter i 2015 hadde Vågen kraftverk med 3,5 millionar kroner og eit resultat før skatt på 887.000 kroner.
Best resultat før skatt hadde derimot Sundal kraftverk med ein million kroner av ei omsetning på tre millionar.
Satsar på spot
Trond Ryslett karakteriserer resultata som fantastisk bra i ei tid med lave kraftprisar.
– I fjor var gjennomsnittleg kraftpris nede på 18,5 øre/kWh. Likevel klarde vi oss godt.
Krafta vart seld på spot gjennom Nordpol.
– Vi tek ei vurdering om vinteren på kva vi skal satse på, men siste åra har det vore rett å satse på spot, seier Ryslett.
Han opplyser at halvparten av inntektene stammar frå snøsmeltingsperioden mai, juni og juli.
– Det er desse tre månadene som avgjer heile året.
Han seier at 2016 også teiknar til å verte eit godt år.
– Vi fekk gode prisar i snøsmeltingsperioden.
Ikkje like godt alle stader
Dagleg leiar Kn27ut Olav Tveit i Småkraftforeinga omtaler resultata frå Volda og Ørsta som gledelege, men han er ikkje overraska.
– Dette er eit område der det er gjort fleire kostnadseffektive utbyggingar. Det økonomiske resultatet er avhengig av byggekostnad per produserte kilowattime, og lav byggekostnad gjer det mogleg å tene pengar trass dei lave strømprisane. Men det er alltid kjekt å høyre at folk gjer det godt.
Frå år 2000 er det ifølgje Tveit bygd ut om lag 750 småkraftverk med ein samla produksjon på 5 TWh.
– Dei nyaste har høgare byggekostnad per produserte kilowattime på grunn av høgare prisar frå entreprenørar, fleire konsesjonskrav, samstundes som dei beste prosjekta jo vart bygd ut først.
Grøne sertifikat
Som Ryslett peikar på, kom småkraftverka med i elsertifikatordninga frå 1.januar i år.
Det gjev Tveit tru på betre resultat for bransjen.
– Dei som gjekk veldig bra i fjor vil gå endå betre, medan ein del av dei som gjekk dårleg, vil kome opp på eit ok nivå.
Likevel finst det dei kraftverka som framleis vil slite.
– Det er framleis ein del som slit med kapitalstrukturen og har for mykje gjeld. Eg veit at fleire jobbar med refinansiering. Nokre vel å selje verket, medan andre får inn nye investorar.