Nyhetsartikkel

06 oktober 2016

Regjeringa prioriterer flaum- og skredsikring

Regjeringa foreslår å løyve 350 millionar kroner til førebyggande tiltak mot flaum- og skredskadar.

Flaum og skred kan medføre store utfordringar for dei som blir råka, og regjeringa prioriterer folks tryggleik.
– Å sikre liv, helse og verdiar er grunnleggande. Derfor har regjeringa sidan vi tiltredde prioritert arbeidet med førebyggande tiltak mot flaum- og skredskadar. Forslaget om å løyve 350 millionar kroner til flaum- og skredførebygging i regi av NVE vil gjere oss betre rusta til å møte utfordringane med auka nedbør og naturskadar, seier olje- og energiminister Tord Lien.

Regjeringa foreslår å knytte 100 millionar kroner av løyvinga til tiltak på Sør- og Vestlandet som raskt kan setjast i gang og som vil bidra til å stimulere til auka aktivitet og sysselsetting i regionen. Dette gjer det mogleg å forsere innsatsen der flaum- og skredsikrings­prosjekt allereie er planlagt, mellom anna i områda som blei ramma av ekstremveret «Synne».

Endringar i klimaet kan medføre endringar i kvar og når store nedbørsmengder kjem. Tidleg førebygging og sikring i område med fare for store skadar frå flaum eller skred er viktig og lønnsamt for samfunnet. Satsinga på førebyggande arbeid over budsjettet til Norges vassdrags- og energidirektorat vil bidra til å gjere oss betre førebudd på å møte desse endringane.

Olje- og energidepartementet har det statlege forvaltningsansvaret for flaum og skred med Norges vassdrags- og energidirektorat som operativ myndigheit. Kommunane har eit overordna ansvar for å sikre sine innbyggarar.

Kommentarer

kommentarer