Auka satsing på internasjonalisering av næringane
Regjeringa foreslår å løyve 30 millionar kroner til Norwegian Energy Partners, som blir namnet på det samanslegne INTSOK og INTPOW.
Dette er ein auke på fire millionar kroner samanlikna med den samla løyvinga til dei to organisasjonane i 2016, og heile ni millionar kroner samanlikna med 2015. Endringa trer i kraft frå 1.1.2017.
Regjeringa legg stor vekt på å bidra til internasjonalisering av den norskbaserte petroleums- og energinæringa. Formålet med det statlege tilskotet er å bidra til å oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå i internasjonale marknader. Auken vil styrke det arbeidet som tidlegare blei gjort av INTSOK og INTPOW kvar for seg, men no i ei større og endå meir effektiv felles organisering.
– Ved å samle verksemda til INTSOK og INTPOW og samtidig auke det statlege bidraget til den nye organisasjonen styrkjer vi den internasjonale konkurransekrafta for desse viktige næringane. Dette bidrar til verdiskaping og sysselsetting i Norge, seier olje- og energiminister Tord Lien.
Norwegian Energy Partners vil formelt starte opp 1.1.12017 og blir ei vidareføring av dagens INTSOK og INTPOW i ein felles organisasjon som skal dekke internasjonalisering av den norskbaserte petroleums- og fornybarnæringa.
Satsinga er ein viktig del av regjeringa sitt arbeid med å sikre sysselsetting, omstilling og grøn vekst, og skal bidra til at næringane hevdar seg i ein internasjonale marknad som er i vekst.