Nyhetsartikkel

06 oktober 2016

Småkraft i Norddal ventar på behandling

Konsesjonssøknadene for småkraft i Norddal kommune blir lagde ut på høyring til vinteren. Søkjarane får tidlegast svar om eitt år.

NVE har etablert saksbehandlingsrutinar for småkraftverk der søknader vert behandla i pakker innanfor eit geografisk avgrensa område.
Behandlinga av dei åtte konsesjonssøknadene for Norddal kommune er i ein fase der saksbehandlaren går gjennom søknadene for å kontrollere at dei er komplette nok til å kunne leggast ut på ei offentleg høyring. Ein gong i løpet av vinteren vert søknadene så lagde ut på høyring.

Dei som har innvendingar mot planane eller innspel til dei, kan kome med det i høyringsrunden. Det kan til dømes vere fylkeskommunen, kommunen og privatpersonar.

Synfaring
Sommaren 2017 kjem NVE for å sjå vassdraga i Norddal kommune det er søkt konsesjon for å bygge kraftverk.

Norges vassdrags- og energidirektorat tek inntrykka sine frå synfaringa med heim og saman med dei kommentarane søkjarane eventuelt har til merknadene som er komne inn i høyringsrunden, gjer dei ei totalvurdering. Etter dette vert avgjerda om søkjarane skal få konsesjon eller ikkje, teken. Dette skjer tidlegast hausten 2017.

Konsesjonssøknader i Norddal kommune

Fossheim kraftverk Norddal; Fossheim/Dale/Dalhus
Dyrdøla kraftverk Norddal, Gunnadalen/Dalhus
Myklebust kraftverk Valldal, Myklebust
Illgjølet kraftverk Valldal, Heggen
Grønningsæter kraftverk Valldal, Grønningsæter
Langdal kraftverk Valldal, Langdal
Høgsetelva minikraftverk Eidsdal, Rønneberg
Rødøla kraftverk Tafjord, Rødal
Kraftverka i Rødalen og Langdalen er det Tafjord Kraftproduksjon som søkjer konsesjon for, medan grunneigarar i fellesskap har søkt om konsesjon for dei andre småkraftprosjekta.

Her kan du finne meir informasjon, vel norddal:

https://www.nve.no/energiforsyning-og-konsesjon/vannkraft/sma-kraftverk/smakraftpakker/

Kommentarer

kommentarer