Nyhetsartikkel

27 september 2016

Nye standardvilkår for straum

Straumkundane skal no få betre vilkår i straumavtalen sin. Dette vil bidra til å gjere straummarknaden enklare og tryggare for forbrukarkundar.

Energi Norge og Forbrukarombodet er einige om endringar i standardvilkår for straum i avtalar mellom forbrukarar og kraftleverandørar.

Dei nye vilkåra er betre for forbrukarane på fleire område:

  • Alle straumkundane skal no få direkte varsel på e-post, SMS eller liknande dersom leverandøren endrar straumprisen, eller gjer andre endringar i straumavtalen.
  • For kundar som ønskjer å gå ut av fastprisavtalar eller avtalar med bindingstid, skal det no stå klart og tydeleg i vilkåra korleis selskapet bereknar kor mykje kunden må betale for dette.
  • Betalingsvilkår skal stå klart og tydeleg i avtalen. Dette er spesielt viktig i avtalar med forskotsbetaling. Modellen for berekning av kor mykje selskapet kan krevje i forskotsbetaling, skal følgje forskrift fastsatt av Noregs vassdrags- og energidirektorat.
  • Kundar på fastprisavtalar og andre avtalar som løp ut etter ei viss tid, skal sleppe å bli overført til dyr «ventestraum» frå nettselskapet.

– Kan hindre tvistar
– Dei oppdaterte vilkåra vil gjere det klarare for forbrukarane kva slags vilkår som gjeld ved kjøp av straum. Dei vil også sikre at forbrukarane får varsel om endringar i prisar og vilkår, seier juridisk direktør i Forbrukarombodet Frode Elton Haug, og legg til:
– Vi håpar dette kan styrke straummarknaden og bidra til å hindre tvistar mellom forbrukarar og straumselskap i framtida.

Enklare avtalar for alle partar
Administrerande direktør Oluf Ulseth i Energi Norge meiner endringane bidreg til enklare og meir rasjonelle avtalar både for straumkundane og leverandørane.

– Til dømes kan avtalar som går ut, vidareførast på spotpris med eit fast tillegg. Det er gunstigare både for kundane og for leverandørane. I tillegg har vi fått klare reglar for kva kundar må betale ved brot på bindingstid, seier Ulseth.

Her finn du dei nye standardvilkåra.

Kommentarer

kommentarer