Nyhetsartikkel

19 juli 2016

Regionale kraftsystemutgreiingar for 2016

Nettselskapa sine rapportar om dagens og framtidas kraftsystem gir ei oversikt over behovet for nytt nett i dei ulike regionane. I rapportane kan ein blant anna finne informasjon om forbruksutvikling og om det er kapasitet for å ta i mot ny produksjon i området.

Kraftsystemutgreiingane (KSU) gir eit overordna bilde av kraftsystemet i utgreiingsområdet med informasjon om forbruk, produksjon, forsyningstryggleik og planar for nettinvesteringar, skriv NVE.

Linkar til dei oppdaterte offentlege delane av kraftsystemutgreiingane kan finnast her.

NVE oppsummerer kraftsystemutgreiingane i ein eigen rapport. Denne vil bli publisert i løpet av hausten.

Ordninga med kraftsystemutgreiingar (KSU) skal bidra til ei samfunnsmessig rasjonell utbygging av regional- og sentralnettet gjennom koordinerte, langsiktige vurderingar av utviklinga i kraftsystemet. Kraftsystemutgreiingane oppdaterast anna kvart år og består av ein offentleg del og ein meir detaljert del som er tilgjengeleg for dei med tenesteleg behov.

Meir om ordninga med kraftsystemutgreiingar.

Kommentarer

kommentarer