Nyhetsartikkel

13 september 2017

3,4 prosent lavere magasinfylling enn normalen for årstida i Norge

Liten auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 36 var fyllingsgraden i norske magasin 81,4 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 0,7 prosenteiningar, mot ein nedgang på 0,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 84,8 prosent, og minimumverdien 59,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Midt- og Nord-Noreg (område 3) med 84,4 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 79,2 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 81,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 36, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.

NVE har motteke korrigert måling for eitt magasin i elspotområde 4 for veke 35 . Ved ny køyring av magasindata er òg nokre andre oppdaterte målingar inkludert, noko som medfører endra energiinnhald og fyllingsgrad i andre magasin- og elspotområde. Fyllingsgraden for heile landet totalt i veke 35 var uendra.

Kommentarer

kommentarer