Nyhetsartikkel

10 februar 2022

Kaldt vêr og lågare vindkraftproduksjon i Norden

Lågare temperaturar over heile landet bidrog til ein auke i norsk kraftforbruk på 7 prosent samanlikna med veka før. Norsk kraftproduksjon auka med 6 prosent som følgje av auka vasskraftproduksjon. Vindkraftproduksjonen gjekk ned i heile Norden førre veke, og stod for 18 prosent av total nordisk kraftproduksjon, mot 25 prosent veka før. Førebels tal viser at Tyskland hadde den høgaste vindkraftproduksjon over ei veke så langt i år, skrive NVE i Kraftsituasjonsrapporten for veke 5.

Særleg i Sverige var vindkraftproduksjonen lågare enn veka før, noko som bidrog til prisauke i dei nordlege prisområda i Noreg og Sverige. Vekeprisen i Midt-Noreg (NO3) var 26,2 øre/kWh i førre veke, ein auke på 63 prosent frå veka før. Prisauken har samanheng med høge prisar på onsdagen. Avgrensa importkapasitet frå Nord-Noreg (NO4) til Midt-Noreg grunna vedlikehald bidrog til fleire timar der Midt-Noreg hadde like høge prisar som Nord-Sverige (SE2). Nord-Noreg var i mindre grad påverka av pristoppane i Nord-Sverige, og vekeprisen der var 18,9 øre/kWh. Det er ein auke på 18 prosent frå veka før.

Måndag og tysdag opplevde Aust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) timar med kraftpris over 200 øre/kWh. Dette var timar med høgt straumforbruk om morgonen, låg vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet, og høg eksport. Kraftprisane i dei sørlege prisområda i Noreg enda likevel på omtrent same nivå som veka før.

Veke 5 var den første heile veka med full importkapasitet frå Danmark. Kapasiteten på kablane mellom Noreg og Danmark vart endra veka før, og Noreg fekk 500 MW meir importkapasitet. Nettoimport frå både Danmark og Tyskland førre veke bidrog til at sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) var nettoimportør av kraft.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 5 2022 (PDF) 

Vassmagasinstatistikk
Nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 5 var fyllingsgrada i norske magasin 46,8 prosent. Fyllingsgrada gjekk ned med 2,1 prosentpoeng frå veka før. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 56,7 prosent. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 61,7 prosent, medan Aust-Noreg (NO1) hadde lågast fylling med 36,2 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

Kommentarer

kommentarer