Nyhetsartikkel

09 juni 2021

Høgaste nettoeksport ut frå Noreg hittil i år

Førre veke gjekk temperaturane opp i heile Noreg og låg godt over normalen gjennom veka. Dette bidrog til ein nedgang i kraftforbruket. Produksjonen haldt seg derimot stabil, og Norge hadde den høgaste nettoeksporten over ei veke så langt i år. Mykje tilsig i Noreg og lite vind på kontinentet var nokre av årsakene til den høge eksporten, skriv NVE i Kraftsituasjonsrapporten for veke 22.

Alle dei norske prisområda, med unntak av Nord-Noreg (NO4), opplevde ein auke i kraftprisen førre veke. Sørvest-Noreg (NO2) hadde den høgaste kraftprisen på i snitt 55,6 øre/kWh, medan prisen i Nord-Noreg låg på rundt 23,2 øre/kWh. Kraftprisen i Sørvest-Noreg er knytt tett opp mot dei europeiske prisane, og prisane der er i større grad påverka av dei høge prisane på brensel og CO2-kvoter. Sørvest-Noreg hadde likevel lågare kraftprisar enn kontinentet grunna maksimalt utnytta overføringskapasitet. Den vedvarande låge prisen i Nord-Noreg heng saman med avgrensingar i eksportkapasiteten ut av området grunna planlagt vedlikehald på både norsk og svensk side.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 22 her.

Kommentarer

kommentarer