Nyhetsartikkel

26 mai 2021

Lågare kraftpris og timar med tilnærma nullprisar i sør

Den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg var på 36,8 øre/kWh førre veke, ein reduksjon på om lag 13 prosent frå veka før. Også i store delar av førre veke var prisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) jamt over lågare enn i resten av landet.

Tidleg laurdag morgon hadde Sør- og Aust-Noreg (NO1 og NO2) enkelttimar med tilnærma nullprisar. Høg vindkraftproduksjon og lågt forbruk bidrog til dei låge prisane. Utover dagen, når forbruket auka, vart høgare prissett kraftproduksjon teken i bruk, og kraftprisen gjekk opp.

Etter toppnoteringa i veke 19, sank kvoteprisen på CO2 førre veke. Reduksjonen medverka til at også terminprisen på tysk kraft gjekk ned.     

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 20 2021 her

Kilde: nve.no

Kommentarer

kommentarer