10
februar
2021
Vedvarande kaldt vêr og historisk høgt straumforbruk i Noreg
Kaldt vêr over heile landet bidrog til historisk høgt straumforbruk i Noreg førre veke. Torsdag mellom klokka 8 og 9 var det samla forbruket i Noreg på 25 146 MWh. Dette er det høgaste nivået i løpet av ein time nokon sinne. I løpet av veka vart det brukt 3785 GWh straum i Norge, opplyser NVE.
Høgt forbruk, låg vindkraftproduksjonen og avgrensa overføringskapasitet bidrog til at det oppstod periodar med stram kraftbalanse i fleire av dei nordiske elspotområda. I to timar på måndag var kraftprisen i store delar av Norden over 2 kr/kWh. Flaskehalsar ut av Sør-Noreg (NO2) og mellom Jylland (DK1) og Sverige bidrog til at prisane i desse områda hald seg på eit lågare nivå.
Utover i veka auka vindkraftproduksjonen i Norden og i Tyskland, noko som bidrog til at norsk vasskraftproduksjon kunne regulere ned. Noreg vart dermed nettoimportør av kraft i veke 5. Dette er fyrste veke sidan februar i fjor.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 5 2021 (PDF).