Nyhetsartikkel

04 april 2019

Sunnfjord energi er ikkje ferdigforhandla med BKK

Vi har ikkje bestemt oss og utfordra i dag BKK på nytt på pris og arbeidsplassar, seier styreleiar i Sunnfjord Energi, Arvid Andenæs, til NRK.

Styret i energiverket behandla i dag tilbodet frå BKK om å fusjonere dei to selskapa.

Medan mange venta på ei tilråding frå styret, la dei i staden ein tidsplan og utfordra kraftgiganten frå sør på fleire område.

– Vi vil ha best mogleg pris, best mogleg tryggleik for at dei nye arbeidsplassane som fusjonsavtalen så langt legg opp til er sikre arbeidsplassar og at vi er sikre på at vi får eit konsernansvar for satsingar BKK ynskjer å gjere i Sunnfjord og Førde, seier styreleiar Andenæs til NRK.

BKK sette foten ned
I slutten av februar vedtok styret å gå i samtalar med BKK om ein fusjon. Då hadde Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi i to år forhandla om ei samanslåing av selskapa.

Samanslåinga av Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi stranda fordi BKK ikkje ville vere med på det . Styreleiar i Sogn og Fjordane Energi, Per Kjøllesdal, meinte i etterkant at dette framleis hadde vore den beste løysinga.

  • Les også: Ville helst hatt samling i Sogn og Fjordane– Eg synest vi først skulle prøve å samle oss i Sogn og Fjordane. Den einaste måten vi kan behalde kontrollen på det som er her, er gjennom å eige det, sa Kjøllesdal.

    Avgjerd 26. juni
    No meiner administrasjonen i Sunnfjord energi at ein full fusjon med BKK er den beste løysinga. Mellom lovnadane er fleire nye arbeidsplassar og 30 prosent lågare nettleige .

    Det er likevel inga lett sak for styret.

    – Skal vi eige mykje i eit høvesvis lite energiverk, eller skal vi slå oss til ro med å eige lite i eit stort, der vi ikkje kan påverke så mykje som om vi hadde eigd det sjølve, seier Andenæs.

    Styret vedtok i dag å orientere og lytte til eigarkommunane i månadsskiftet april/mai, før styret kjem med si innstilling i midten av mai.

    – Så vil vi tilbake til kommunane for å presentere innstillinga slik dei får handsama den på møta sine i juni. Då har vi god tid til generalforsamlinga 26. juni for endeleg avgjerd, seier Andenæs.

    Sterke personlegheiter
    Generalforsamlinga må vedta fusjonen med to tredelars fleirtal. Tilbodet frå BKK står ved lag til 30. juni. Andenæs seier eit stort fleirtal i styret støttar opp om framdriftsplanen.

    Det er liten tvil om at det internt i styret er usemje om striden. Nyleg sa styremedlem Steinar Dvergsdal til Firda at fusjon ikkje vil vere noko god løysing for selskapet.

    – Det er sterke personlegheiter. Steinar Dvergsdal er ei av dei, og heldigvis har vi det. Hadde styret vore samde får starten av, så hadde vi ikkje fått dei gode diskusjonane, seier Andenæs.

Kommentarer

kommentarer