Når kommer våren?
På seinvinteren er det mange som lengtar etter våren, men når kjem våren eigentleg?
Når våren kjem til din stad er sjølvsagt avhengig av kvar du er i landet. Våren er definert som perioden av året der døgnmiddeltemperaturen ligg mellom 0 og 10º C.Tendensen i temperaturen må også vere stigande gjennom perioden.
Nokre stader får ikkje vinter
I kyststroka mellom Agder og Trøndelag er det aldri vinter. Her fungerer havet som ein varmeovn. Døgnmiddeltemperaturen gjennom vinteren ligg over 0º C. I løpet av vinteren kan det sjølvsagt vere snø og minusgrader også her, nokre år meir enn andre. Men så er det viktig å hugse at klima er gjennomsnittsvêret gjennom 30 år!
Våren startar ved kysten
I lista under finn du ut når temperaturen byrjar å stige igjen, og dermed når ein reknar at våren så smått startar. Denne lista er basert på 1961-1990-normalen. Denne normalen er relativt kald i høve dei siste 30 åra, så fleire stader på kysten kan uoffisielt ha «mista» vinteren per definisjon. Under finn du eksempel på målestasjonar som ikkje har vinter i høve normalen:
- Bergen (Hordaland): 06. februar. Temperaturen stig frå 1,1 til 1,2º C.
- Tafjord (Møre og Romsdal): 08. februar. Temperaturen stig frå 0,3 til 0,4º C.
- Sola (Rogaland): 11. februar. Temperaturen stig frå 0,3 til 0,4º C.
- Lista fyr (Vest-Agder): 14. februar. Temperaturen stig frå 0,3 til 0,4º C.
- Svinøy fyr (Møre og Romsdal): 14. februar. Temperaturen stig frå 2,6 til 2,7º C.
- Myken (Nordland): 15. februar. Temperaturen stig frå 0,3 til 0,4º C.
- Utsira fyr (Rogaland): 17. februar. Temperaturen stig frå 1,6 til 1,7º C.
- Sklinna fyr (Nord-Trøndelag): 17. februar. Temperaturen stig frå 0,6 til 0,7º C
I lista under finn du når våren startar per definisjon rundt om i landet, basert på gjeldande temperaturnormal:.
- Ørland (Sør-Trøndelag): 20. februar
- Oksøy fyr (Vest-Agder): 23. februar
- Torungen fyr (Aust-Agder): 01. mars
- Lærdal (Sogn og Fjordane): 06. mars
- Færder fyr (Vestfold): 08. mars
- Værnes (Nord-Trøndelag): 15. mars
- Oslo: 17. mars
- Rygge (Østfold): 18. mars
- Skrova fyr (Nordland): 19. mars
- Bodø (Nordland): 25. mars
- Gardermoen (Akershus): 30. mars
- Rena (Hedmark): 06. april
- Andøya (Nordland): 06. april
- Fagernes (Oppland): 08. april
- Tromsø (Troms): 11. april
- Fruholmen fyr (Finnmark): 12. april
- Bardufoss (Troms): 17. april
- Alta (Finnmark): 19. april
- Røros (Sør-Trøndelag): 20. april
- Geilo (Buskerud): 22. april
- Vardø (Finnmark): 26. april
- Fokstugu (Oppland): 28. april
- Møsstrand (Telemark): 28. april
- Kautokeino (Finnmark): 04. mai
- Jan Mayen: 23. mai
- Bjørnøya: 28. mai
- Svalbard lufthavn: 04. juni