Nyhetsartikkel

21 februar 2018

Når kommer våren?

På seinvinteren er det mange som lengtar etter våren, men når kjem våren eigentleg?

Når våren kjem til din stad er sjølvsagt avhengig av kvar du er i landet. Våren er definert som perioden av året der døgnmiddeltemperaturen ligg mellom 0 og 10º C.Tendensen i temperaturen må også vere stigande gjennom perioden.

Nokre stader får ikkje vinter
I kyststroka mellom Agder og Trøndelag er det aldri vinter. Her fungerer havet som ein varmeovn. Døgnmiddeltemperaturen gjennom vinteren ligg over 0º C. I løpet av vinteren kan det sjølvsagt vere snø og minusgrader også her, nokre år meir enn andre. Men så er det viktig å hugse at klima er gjennomsnittsvêret gjennom 30 år!

Våren startar ved kysten
I lista under finn du ut når temperaturen byrjar å stige igjen, og dermed når ein reknar at våren så smått startar. Denne lista er basert på 1961-1990-normalen. Denne normalen er relativt kald i høve dei siste 30 åra, så fleire stader på kysten kan uoffisielt ha «mista» vinteren per definisjon. Under finn du eksempel på målestasjonar som ikkje har vinter i høve normalen:

  • Bergen (Hordaland): 06. februar. Temperaturen stig frå 1,1 til 1,2º C.
  • Tafjord (Møre og Romsdal): 08. februar. Temperaturen stig frå 0,3 til 0,4º C.
  • Sola (Rogaland): 11. februar. Temperaturen stig frå 0,3 til 0,4º C.
  • Lista fyr (Vest-Agder): 14. februar. Temperaturen stig frå 0,3 til 0,4º C.
  • Svinøy fyr (Møre og Romsdal): 14. februar. Temperaturen stig frå 2,6 til 2,7º C.
  • Myken (Nordland): 15. februar. Temperaturen stig frå 0,3 til 0,4º C.
  • Utsira fyr (Rogaland): 17. februar. Temperaturen stig frå 1,6 til 1,7º C.
  • Sklinna fyr (Nord-Trøndelag): 17. februar. Temperaturen stig frå 0,6 til 0,7º C

I lista under finn du når våren startar per definisjon rundt om i landet, basert på gjeldande temperaturnormal:.

  • Ørland (Sør-Trøndelag): 20. februar
  • Oksøy fyr (Vest-Agder): 23. februar
  • Torungen fyr (Aust-Agder): 01. mars
  • Lærdal (Sogn og Fjordane): 06. mars
  • Færder fyr (Vestfold): 08. mars
  • Værnes (Nord-Trøndelag): 15. mars
  • Oslo: 17. mars
  • Rygge (Østfold): 18. mars
  • Skrova fyr (Nordland): 19. mars
  • Bodø (Nordland): 25. mars
  • Gardermoen (Akershus): 30. mars
  • Rena (Hedmark): 06. april
  • Andøya (Nordland): 06. april
  • Fagernes (Oppland): 08. april
  • Tromsø (Troms): 11. april
  • Fruholmen fyr (Finnmark): 12. april
  • Bardufoss (Troms): 17. april
  • Alta (Finnmark): 19. april
  • Røros (Sør-Trøndelag): 20. april
  • Geilo (Buskerud): 22. april
  • Vardø (Finnmark): 26. april
  • Fokstugu (Oppland): 28. april
  • Møsstrand (Telemark): 28. april
  • Kautokeino (Finnmark): 04. mai
  • Jan Mayen: 23. mai
  • Bjørnøya: 28. mai
  • Svalbard lufthavn: 04. juni

Kommentarer

kommentarer