08
november
2017
Magasinfyllinga 1,5 prosent over normalen for årstida i Norge
Litt nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 44 var fyllingsgraden i norske magasin 86,3 prosent.
Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,3 prosenteiningar, mot ein auke på 0,4 prosenteiningar veka før.
Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 84,8 prosent, og minimumverdien 64,3 prosent.
Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 89,4 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 80,0 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 89,1 prosent.