Nyhetsartikkel

14 juli 2017

Ein av tre har fått ny straummålar

875 000 straumkundar har fått ny strømmåler, visar tal NVE tal har henta inn frå nettselskapa. So langt i år er nærare 500 000 nye målarar montert.

Nettselskapa ventar at 1,6 millionar av totalt 2,9 millionar straumkundar, vil ha fått ny målar innan utgangen av året.

– Dei nye smarte målarane gjer at nettselskap kan investere og drifte straumnettet meir effektivt, slik at straumrekninga vert så liten som muleg. Med dei nye målarane kan straumkundane bruke straum når kostnadane er lågast, og dei får betre oversikt over straumbruken sin, seier vassdrags- og energidirektør Per Sanderud.

 

 

 

 


Alle får ny målar innan 2019
Alle straumkundar skal ha ny smart straummålar innan 2019. Nettselskapa sine prognosar for venta tidspunkt for gjennomført installasjon er noko forskyvd i tid, og NVE vil undersøke nærare kva som er årsakene til at framdrifta ikkje er like god som planlagd.

Nettselskapa meldar om at berre litt meir enn ein av hundre installasjonar ikkje er gjennomførd som planlagt. Dei viktigaste grunnane er at nettselskapa ikkje har fått kontakt med kunden, og at det ikkje er plass i sikringsskapet.

– Det er viktig at alle følgjar med på informasjon frå nettselskapa, slik at installasjonen av dei nye målarane kan gå så raskt og greitt som muleg, understrekar Sanderud.

NVE vil be nettselskapa om ny rapportering av framdrift i oktober.

 

Last NVE-rapport 65 – 2017 Smarte målare (AMS). Status og planar for installasjon per juni 2017″.

Kommentarer

kommentarer