06
juli
2017
Frå våtast til varmast
Juni har vore svært variert. Vêret på Vestlandet gjekk frå rekordvåt til rekordvarm på ein månad.
Juni likna lite på sommar før siste innspurt av månaden venda om på det heile og gav landet etterlengta sol, varme og bikinitilstandar. Kanskje dei siste solfylte junidagane viska vekk minna om låge temperaturar, vind og sidelengs regn som prega mykje av landet resten av månaden?
– Juni har vore veldig varierande. Mange plassar har vore våte, medan andre stadar har vore veldig tørre. Temperaturar har vore høgt og lågt og det har vore stor variasjon rundt om i landet, fortel Reidun Gangstø Skaland, klimaforskar ved Meteorologisk institutt til yr.no.