Lufttemperatur juni 2017
KALDT OG VARMT: Gult og oransje viser temperaturar over normalen. Grønt og blått under normalen.

FOTO: YR.NO

Heilomvending på Vestlandet

Bergen kunne i juni skilte med ny regnrekord med 26 nedbørsdagar på rad. Oversikta over regnet i juni viser at det på Vestlandet regna over dobbelt så mykje som normalt. I Noreg målte desse stasjonane aller mest nedbør i løpet av juni:

  • Gullfjellet (Hordaland) 392,1 millimeter
  • Hundseid i Vikedal (Rogaland) 331,3 millimeter
  • Sand i Ryfylke II (Rogaland) 324,4 millimeter.

Regndagane varte heldigvis ikkje månaden ut, og vestlendingane fekk omsider tørka opp.

Vestlandet tørka ikkje berre opp – men gjekk til og med av med sigeren for høgaste målte maksimumstemperatur! På Voss i Hordaland vart det målt 27,8 grader fredag 30. juni.

Regnrekordar

Det var ikkje berre på Vestlandet det var vått. Fleire stasjonar i Trøndelag og i Telemark fekk ny junirekord for høg døgnnedbør og høg månadsnedbør.

Det ble en våt juni for , og. 200-300 % mer nedbør enn normalt mange steder 🌧

Av alle stasjonane var det stasjonen på Postmyr i Dragendal i Telemark som hadde høgaste døgnnedbør med 85,2 millimeter 8. juni.

På den andre sida av skalaen var det Svalbard som var tørrast i juni. Meteorologisk institutt melder at det på Hopen målestasjon på Svalbard berre kom 1,6 millimeter regn i løpet av månaden; den tørraste regnrekorden sidan 1953. Svalbard lufthamn har heller ikkje hatt ein månad med temperatur under normalen på 79 månadar.

– Dette er signal som viser at den globale oppvarminga er spesielt sterk i Arktis, seier Gangstø Skaland.

Utanom Svalbard var det Nord Norge som fekk det tørraste vêret. Stasjonane med minst regn i løpet av månaden var desse:

  • Lyngen – Ura (Troms) 7,3 millimeter
  • Skibotn II (Troms) 10,1 millimeter
  • Skjomen Stiberg (Nordland) 10,6 millimeter.

Varmast i landet

Til trass for at Vestlandet målte høgaste maksimumstemperatur, var det i gjennomsnitt varmast på Austlandet, med hovudstaden på topp.

  • Tønsberg – Kilen (Tønsberg, Vestfold) med 15,9 °C
  • Oslo – Bygdøy (Oslo) og Drammen – Berskog (Drammen, Buskerud) med 15,7 °C.