Nyhetsartikkel

04 mai 2017

Løyve til Kjørstadelva kraftverk i Kongsberg

NVE gjev Kjørstadelva kraft (SUS) løyve til å bygge Kjørstadelva kraftverk i Kongsberg kommune i Buskerud.

Kraftverket vil produsere om lag 6,8 GWh i året, noko som svarar til straumbruken til 340 husstandar. NVE har også gjeve løyve til linjetilknyting fram til eksisterande nett.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Kjørstadelva kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser

Kraftverket er planlagt i Kjørstadelva, med hovudinntak på 200 moh. og kraftstasjon på 80 moh. Vassvegen på om lag 1400 meter er planlagd nedgraven på heile strekninga. Naturmangfald, landskap og brukarinteresser har vore sentrale tema i NVE si vurdering av prosjektet. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om ei minstevassføring på 150 liter i sekundet i sommarsesongen (1/5–30/9) og 50 liter i sekundet resten av året.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev på bakgrunn av dette løyve til bygging av Kjørstadelva kraftverk.

Ler meir om Kjørstadelva kraftverk på nve.no

Kommentarer

kommentarer