Nyhetsartikkel

10 oktober 2016

Risikerer opp til 100 prosent skatt

Kraftbransjen er i harnisk etter at regjeringa no kjem med forslag om å auke skatten på kraftproduksjon enda meir.

– Det gjer at skatten blir veldig høg og i verste fall blir skatten om lag heile inntektsbildet. Det gjer at prosjekt som elles ville vore samfunnsmessig lønsame, blir ulønsame å gjennomføre, seier konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Johannes Rauboti, til NRK Sogn og Fjordane.

Saman med ein samla bransje går dei no hardt ut mot forslaget til Statsbudsjett, der dei meiner at dei store kraftprodusentane kjem til dei grader dårleg ut. Særleg sidan dei i motsetnad til andre næringsdrivande ikkje får trekke frå finanskostnader.

– Vanskeleg å forstå
– Sjølv om den alminnelege selskapsskatten er sett ned frå 25 til 24 prosent, så er det kome forslag om ein auke i den såkalla grunnrenteskatten, som er ein særskatt for store vasskraft. Det gjer at det blir ei skatteskjerping for vasskraftprodusentane. Det er vanskeleg å forstå i ei tid der vi skulle vere eit viktig ledd i å utvikle samfunnet i ein grønare retning, seier Rauboti.

Han meiner at verdiskapinga i den eksisterande vasskrafta blir så hardt råka, at selskapa ikkje får økonomisk evne til å utvikle seg vidare på ein god måte.

– Det er fascinerande å oppleve ei sak som framstår så urimeleg, og så er det likevel så vanskeleg å nå igjennom. Men vi må jobbe hardt for å prøve å få fram den betydelege urimelegheita som ligg i dette.

Legg investeringar på is
Rauboti meiner det no er høgst reelt at planlagde investeringar vert lagt på is.

– No har vi ein situasjon med forholdsvis låge kraftprisar som sjølvsagt også går ut over lønsemda i denne typen investeringar. Men sidan vi ikkje får frådrag for finanskostnadene våre, så betyr det i realiteten at ein i spesielle tilfelle kan få heilt opp i 100 prosent i skatt. Då er det vanskeleg å argumentere for å gjennomføre ei investering, seier Rauboti.

Rauboti slår fast at dei eksisterande kraftverka vil rusle og gå, uavhengig av ei skatteskjerping frå regjeringa. Men han meiner det er ei stor skeivheit mellom den store vasskrafta og annan fornybar energi, som småkraftverk og vindkraft.

– Det gjer jo at det dei prioriterer fram kraft av dårleg kvalitet, til ulempe for regulerbar vasskraft som er viktig i den vidare verdiskapinga i Norge.
Skatteforlik

– Eg er klar over den uroa som dei store kraftselskap har når det gjeld det som skjer med grunnrenteskatten, seier Bjørn Lødemel, som er Stortingsrepresentant for Høgre.

Tidlegare i haust var han, saman med Odd Henriksen som er Høgre sin talsmann for fornybar energi, på ei rundreise til dei ulike i kraftselskapa i fylket. Der fekk dei høyre om dei uheldige konsekvensane av skatteforliket som vart inngått i Stortinget før sommaren.

– Vi hadde skrekkeksempelet i forhold til Byrkjelo kraft med 163 prosent skatt i førre periode. Dersom dette vert dei faktiske utslaga, så forstår eg at kraftselskapa er uroa. Eg vil ta opp dei utfordringane som skatteforliket skapar for kraftselskapa, seier Lødemel,

Kommentarer

kommentarer