Nyhetsartikkel

20 september 2016

Ventar på ja

Det kan koma klarsignal for bygging av eit nedskalert Mork kraftverk i løpet av vinteren.

– Me håpar på at NVE har klar si tilråding til Olje- og energidepartementet i løpet av hausten. Då vil konsesjonen for den reduserte utgåva av Mork kraftverk liggja føre våren 2017, fortalde spesialrådgjevar Odd Øygarden i E-CO energi då ha var til stades på kraftdagen i Lærdal ifølge Sogn Avis.

Dyr utbygging
Dei opphavlege planane, som utbyggjarane fekk grønt lys for i 2012, var eit kraftverk med ein middels årsproduksjon på 95 GWh (millionar kilowattimar). Då var inntaket til kraftverket planlagd ved Kvigno og sjølve kraftverket skulle plasserast mellom 500 og 600 meter inne i fjellet nede ved Lærdalsfjorden.
Dette var eit prosjekt til nær 470 millionar kroner, det vil seia ein byggjekostnad på nær fem kroner per kilowattime av årsproduksjonen.
– Etter denne at utbygginga vart planlagd i 2008 er kraftprisen blitt halvert, samstundes som dei sokalla elsertifikata er blitt mindre verdt, fortel Odd Øygarden.
Byggjer smartare
Elsertifikat, som er ei norsk-svensk ordning for å fremja utbygging av fornybar energi, vart innført i 2012 og skal vara fram til 2020. Betalinga per utbygd kilowattime låg i starten på mellom 16 og 17 øre, og var i 2016 redusert til om lag 14 øre.
I det reduserte utbyggingsprosjektet til Mork kraftverk er inntaksdammen flytta nedover Erdalselvi til Hestevollen, og kraftstasjonen er flytta oppover til Tyri bru. Der er det planlagd ein kraftstasjon ute i dagen.

Den reduserte fallhøgda og lågare slukeevne i turbinen, betyr at den installerte effekten i kraftverket blir redusert få 39 til under ti MW (Megawatt). Noko som betyr at kraftselskapet slepp betala sokalla grunnrenteskatt.

Sjølv om årsproduksjonen i det nye kraftverket blir meir enn halvert samanlikna med dei opphavlege planane, vil vinterproduksjonen, 13 GWh, bli om lag som i den store utbygginga.

2020
– Desse to tinga, saman med ei anna entrepriseform for utbygginga, gjer at me byggjer smartare og at det blir betre økonomi i prosjektet, seier Øygarden.

Men det reduserte prosjektet er ikkje av det billege slaget. Det er kostnadsrekna til om lag 200 millionar kroner, noko som gjer ein byggjekostnad på kroner 4,70 per kilowattime.

Planane for det nye kraftverket er at det skal stå ferdig til produksjon i 2020. Dette betyr at utbyggjarane vil nyta godt av ordninga med elsertifikat. Dette saman med at om lag 30 prosent av produksjonen vil gå føre seg i vinterhalvåret, gjer prosjektet lønsamt.

Kommentarer

kommentarer