NVE gir Eidefoss Nett løyve til å oppretthalde kraftleidninga mellom Tolstadåsen og Vågåmo
Det vart i 2015 satt vilkår om å rive kraftleidninga som går gjennom Vågå og Sel. NVE har no gjeve Eidefoss Nett løyve til å behalde den, mellom anna av omsyn til forsyningstryggleiken i området.
I konsesjon til tilknyting av Nedre Otta kraftverk, gjeve i kongeleg resolusjon 4. november 2015, vert det sett vilkår om riving av 66 kV-leidninga Tolstadåsen–Vågåmo i kommunane Vågå og Sel. NVE har oppheva vilkåret, fordi det etter deira vurderingar ikkje lenger er fornuftig å rive leidninga, opplyser NVE.
Forsyningstryggleiken må oppretthaldast
NVE vurderer at viktige føresegner har endra seg sidan vilkåret vert sett. Andre tiltak i nettet som skulle ivareta forsyningstryggleiken i regionen, har vist seg teknisk utfordrande og langt meir kostbare å bygge. Utan andre tiltak i nettet vil riving av 66 kV-leidninga Tolstadåsen–Vågåmo gi redusert forsyningstryggleik, noko som ikkje er akseptabelt.
Ulempa med å oppretthalde leidninga er at dei forventa positive miljø- og arealverknadene av å rive leidninga ikkje vert realisert, som til dømes redusert bandlegging av areal, mindre visuelle verknader og verknader for naturmangfald. NVE har likevel vurdert at dei samla negative miljø- og arealverknadene ikkje er så store at dei kan forsvare meirkostnaden på over 50 millionar kroner for alternative løysingar eller redusert forsyningstryggleik.
Les meir om saka her.