Nyhetsartikkel

28 desember 2018

NVE rår Olje- og energidepartementet til ikkje å gje løyve til overføring av Flottejønnbekken til Kalhovdmagasinet i Tinn kommune i Telemark.

NVE rår Olje- og energidepartementet til å ikkje gje Øst-Telemarkens Brukseierforening (ØTB) løyve til å overføre Flottetjønnbekken til Kalhovdmagasinet.

Flottetjønnbekken renn naturleg ut i elva Mår. Flottejønnbekken har eit nedbørfelt på 9,4 km2 ved planlagt inntak, middelvassføringa er berekna til ca. 198 l/s og maksimal kapasitet på overføringa er planlagt til 2,5 m3/s. Den planlagde overføringa, vil kunne gje om lag 8,5 GWh/år regulerbar kraft i Mår og Mæl kraftverk.

Kalhovdområdet er ein av hovudinnfallsportane til Hardangervidda nasjonalpark, og det er registrert store interesser knyta til landskap, friluftsliv, turisme og biologisk mangfald, og som kan bli påverka av ei ev. utbygging. NVE legg elles vekt på at området er prega av tidlegare inngrep knytt til kraftutbygging.

Av omsyn til ålmenne interesser har NVE ikkje tilrådd overføring av Flottetjønnbekken til Kalhovdmagasinet då vi meiner ulempene for desse interessene er større enn fordelane ved å få fram ca. 8,5 GWh i årleg regulerbar kraftproduksjon.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om saka her.

https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=7782&type=V-1

Kommentarer

kommentarer