Strømmen kan forsvinne i dagevis
Ber nordmenn vera budd på straumlause dagar: – Bunkre opp med vatn og tørrmat.
Tung snø har i vinter tatt straumen frå tusenvis av husstandar i fleire dagar. – Du bør alltid ha vatn og mat til å klare deg i minst fire til seks dagar, er anbefalinga frå Røde Kors, melder NRK.
Tusenvis av husstandar på Sørlandet har denne vinteren vorte råka av straumbrot som følge av store snømengder. Fleire av dei har vore mange dagar utan straum.
Det er ikkje berre tung snø som kan føre til plutselege straumbrot. Ein eksplosjon i eit teknisk anlegg i Bergen tidlegare denne månaden gjorde 22.000 bergensarar straumlause i fleire timar.
Både straumselskap, Røde Kors og styresmaktene meiner nordmenn til ei kvar tid må vera førebudd på at straumen kan forsvinna i dagevis.
– Folk har såpass liten erfaring med langvarige straumbrot, at ein ikkje tek det heilt på alvor. Mange er nok mindre førebudd enn dei burde vere, seier administrerande direktør Jens Skår i BKK Nett.