Nyhetsartikkel

16 september 2021

Strømprisene steg enda mer sør for Dovre

Kraftsituasjonen veke 36, 2021: Ytterlegare auke i kraftprisane, skriver NVE i Kraftsituasjonsrapporten.

Kraftprisane auka i store delar av Europa førre veke samanlikna med veka før. Auken var størst nord på kontinentet, og kraftprisen i Tyskland og Danmark var i snitt 130 øre/kWh. Lågare vindkraftproduksjon samanlikna med veka før, og vedvarande auke i gass-, kol- og CO2-kvotepris bidrog til auken i kraftprisen.

Kraftprisen sør i Noreg (NO1, NO2 og NO5) var i gjennomsnitt 110 øre/kWh førre veke, ein auke på 6,5 prosent frå veka før. Prisen i nord (NO3 og NO4) var framleis lågare enn i sør, og var i snitt på 50 øre/kWh. Betre ressurssituasjon i nord enn i sør, og avgrensingar i utvekslingskapasiteten mellom nord og sør både i Noreg og Sverige bidrog til prisskilnaden.  

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 36 2021 (PDF)

Kilde: nve.no

Kommentarer

kommentarer