18
august
2021
Må 11 år tilbake for å finne høgare strømprisar
Kraftsituasjonen veke 32, 2021; Høge brenselprisar og svekka hydrologisk balanse trekk opp kraftprisane, skriv NVE i kraftsituasjonsrapporten for veke 32.
Det hydrologiske underskotet i Noreg har auka dei siste vekene og låg 11,5 TWh under normal ved utgangen av veke 32. Saman med høge brenselkostnadar på kontinentet, bidreg dette til at dei norske kraftprisane no er høge i historisk samanheng.
Den gjennomsnittlege kraftprisen i Sør-Noreg (NO1, NO2 og NO5) var på 71,5 øre/kWh i veke 32. Kraftprisen i Midt-Noreg (NO3) var 75 øre/kWh. Ein må tilbake til 2010 for å finne høgare vekepris. Planlagt vedlikehald bidrog til redusert eksportkapasitet ut av Nord-Noreg (NO4) og lågare kraftpris i dette område. Kraftprisen her var 31,8 øre/kWh sist veke.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 32 2021 (PDF)