03
april
2019
Løyve til nye Utvik kraftverk
NVE gjev Utvik Elektrisitetsverk SA løyve til å byggje nye Utvik kraftverk i Storelva i Stryn etter at det gamle kraftverket vart teke av flaum i 2017.
I vedtaket har NVE lagt vekt at utbygginga vil skje på tilnærma same staden som det gamle kraftverket, produksjonen er høg til å vera småkraftverk og utbyggingsprisen er låg. Det meste av infrastrukturen er allereie på plass og det er relativt få nye landskapsinngrep knytt til utbygginga. Det nye kraftverket vil ta ut meir vatn enn gamle kraftverket, men det vil til gjengjeld bli stilt krav om minstevassføring på utbyggingsstrekninga og omlaupsventil for å ta omsyn til anadrom elvestrekning nedanfor kraftverket.
Nye Utvik kraftverk vil få ein produksjon på om lag 17 GWh/år, noko som svarar til straumbruken til om lag 850 husstandar.