Nyhetsartikkel

02 oktober 2018

Klissvåt september sørga for mange nye rekordar

Det har vore kliss, klass vått på Vestlandet i september. Ei rekkje målestasjonar melder om nye nedbørsrekordar.

– Vi ser fleire ganske solide rekordar no i september, som er betydeleg meir enn dei tidlegare rekordane, seier Lilian Kalve ved Meteorologisk institutt til YR.no.

I Hornindal i Nordfjord kom det til dømes 500.9 millimeter med nedbør i løpet av september. Der har dei hatt ein målestasjon sidan 1895, og den førre rekorden var 441.3 millimeter, som kom i september 1917.

– Vi ser jo veldig tydeleg at det kjem meir nedbør enn tidlegare, og det skjer fordi det blir mildare, seier Kalve.
Trur på endå meir nedbør

Ho fortel at varm luft kan halde på meir regn enn kald luft, og at klimaforandringane og eit varmare klima difor fører til meir regn.

– Vi ser og at det no kjem kraftigare nedbør, seier Kalve.

Meteorologane lagar også framskrivingar av kor mykje nedbør dei trur det vil vere i framtida. Her kan ein sjå at det er mykje som tyder på at det kjem til å bli endå meir nedbør i åra som kjem.

– Og difor er det så fantastisk at vi har desse gamle målestasjonane som går veldig langt tilbake. Det er veldig viktig at desse blir teke vare på, seier Kalve.

Slo gamal rekord
I Myklebustdalen på Breim har dei slått ein over 100 år gamal rekord. Der har familien til Jakob Myklebust gjort nedbørsmålingar i fleire generasjonar.

Den pensjonerte bonden må kvar dag finne ut kor mykje regn som har ausa ned på heimplassen, og september har vore spesielt våt.

– Vi har ikkje hatt så mykje nedbør i september sidan 1917. Då var det 470 mm, og det var rekorden inntil i år då vi målte 496,1 millimeter, seier han.

Her har det kome nye nedbørsrekordar i september
Sørebø i Høyanger – 458.9 millimeter nedbør
Modalen – 679.2 millimeter nedbør
Ortnevik i Høyanger – 378.8 millimeter nedbør
Eksingedalen – 615.4 millimeter nedbør
Vangsnes i Vik – 319.5 millimeter nedbør
Jordalen – 500.9 millimeter nedbør
Mjølfjell – 402.2 millimeter nedbør
Aurland – 179.1 millimeter nedbør
Vossevangen – 290.8 millimeter nedbør
Maristova – 183.9 millimeter nedbør
Øvstedal – 827.5 millimeter nedbør
Filefjell – 141.6 millimeter nedbør
Bergen, Florida – 520.3 millimeter nedbør
Veitastrond – 402.4 millimeter nedbør
Sogndal – 416.1 millimeter nedbør
Njøs – 268.4 millimeter nedbør
Kvamskogen – 647.6 millimeter nedbør
Fjærland – 460.7 millimeter nedbør
Lavik – 700 millimeter nedbør
Førde – 670.1 millimeter nedbør
Austevoll – 265.1 millimeter nedbør
Eimhjellen – 711.5 millimeter nedbør
Myklebust i Breim – 496.1 millimeter nedbør
Hornindal – 500.9 millimeter nedbør

Les mer på Yr.no

Kommentarer

kommentarer