18
september
2018
Tilrår nytt manøvreringsreglement for Dalavatn i Jørpelandsvassdraget
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Jørpeland Kraft AS nytt manøvreringsreglement for reguleringa av Dalavatn i Strand kommune i Rogaland fylke.
På bakgrunn av søknad frå Jørpeland Kraft AS, har NVE handsama sak om endring av manøvreringsreglementet for Dalavatn i Jørpelandsvassdraget.
NVE rår til at det blir gjeve nytt manøvreringsreglement for reguleringa av Dalavatn.
NVE meiner dei tilråda reguleringsgrensene ikkje medfører vesentlege endringar i forhold til den reguleringa som har vært praktisert i Dalavatn. Reguleringsgrensene for dei andre magasina i vassdraget er samstundes tilrådd endra med kotehøgder etter landsomfattande høgdesystem.
Les meir om endring av manøvreringsreglementet for Dalavatn