Nyhetsartikkel

25 juni 2018

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Kvænangen Kraftverk AS nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Abojohka m.v. Kvænangen og Nordreisa kommunar i Troms fylke.

Før sommerferien vil det vere installert ny smart straummålar i fire av fem norske heimar. I god tid før året er omme, vil stort sett alle hus og hytter ha fått ny AMS-målar.

Utskiftinga av målarparken har i det store og heile blitt gjennomført som planlagt. Svært få av dei over 2,2 million straumkundane som har fått ny målar, har hatt innvendingar eller motsett seg utskiftinga. Berre om lag 1,8 % av målepunkta har ikkje fått ny målar som føresett. Den viktigaste årsaka til at målar ikkje er installert, er at nettselskapa ikkje har fått kontakt med kunden.

Tal NVE henta inn frå nettselskapa i mars/april, synar at da hadde 72 prosent av straumkundane fått smart målar. Ved utgangen av første halvår 2018, har heile 85 prosent fått ny målar.

10 prosent billegare

Dei siste kostnadsanslaga frå nettselskapa tyder på at totalkostnaden for AMS-prosjektet kan bli om lag 1 milliard kroner, eller 10 prosent, billegare enn opplyst i 2016. Desse kostnadstala er basert på anslag og dei må difor vurderast på dette grunnlaget. Først når det ligg føre rekneskapstal kan vi feste meir lit til kostnadstala. Det er likevel grunn til å vente at kostnaden for utskifting av målarparken, vil bli lågare enn først antatt.

Last ned Smarte målarar – Status og planar for installasjon per april 2018.

Kommentarer

kommentarer