Nyhetsartikkel

29 mai 2018

Satsar på vidare samarbeid

Norges vassdrags- og energidirektorat og Meteorologisk Institutt har i dag signert ein ny samarbeidsavtale som vidarefører samarbeidet, samt diskutert nye moglegheiter for samarbeid.

-Me har hat eit grunnleggjande godt samarbeid med MET på alle nivå. No har me fått dokumentert dette i avtalen samtidig som me har fått diskutert nye måtar å samarbeide på framover, fortalte vassdrags- energidirektør Per Sanderud.

Konkrete moglegheiter
I dagens møte sementerte dei to partane tidlegare avtalar, samtidig som dei også drøfta konkrete saker for vidare samarbeid. Blant anna skal det no sjåast på moglegheiter for å samarbeide om forsking på blant anna vind og snøskred.

 

Direktør for MET, Roar Skålin (t.v.) og vassdrags- og energidirektør Per Sanderud vidareført i dag samarbeidet mellom NVE og MET.

 

Tidlegare samarbeid
Frå før arbeider NVE og MET saman om både blant anna varsling av snøskred, jordskred og flaum. Tidlegare i år vedtok dei begge, saman med Statens Vegvesen, om å også vidareføre samarbeidet om varsling av flaum og skred.

Kommentarer

kommentarer