Feil på tusenvis av nye straummålarar
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vedteke at automatiske straummålarar (AMS) skal bli innført i alle husstandar innan 1. januar 2019.
Det var mot slutten av 2015 at BKK og 26 andre nettselskap signerte ein avtale med det koreanske firmaet Nuri Telecom. Herifrå kjøpte dei automatiske straummålarar til kring 750.000 straumkundar, melder NRK.
Til no har BKK installert 70.000 automatiske straummålarar i husstandar i sitt område. Men no viser det seg at kring 10.000 av desse har feil som gjer at BKK ikkje når kundane.
BKK har kjøpt inn nye straummålarar i samarbeid med 26 andre nettselskap i landet, men NRK har ikkje fått oversikt over i kva grad det same problemet har oppstått andre stader.
Det var rett over sommaren i fjor BKK først vart gjort kjend med feilen. Først i oktober kunne dei tilby ein versjon utan feilfunksjonar.
– Vi har no montert kring 54.000 nye AMS-målarar med den korrigerte og riktige firmware-versjon. Den fungerer heilt fint, seier AMS-prosjektleiar i BKK, Eli Kristin Dimmen, til NRK.
Årsaka til feilen er at nokre av AMS-målarane, som kommuniserer via mobilt breiband, har mista kontakt med basestasjonen sin. Målaren sender likevel ut signal, men signala krasjar.
Då går målaren inn i «sleep-mode», og BKK klarar ikkje å nå dei fjernstyrt.
– Straumbruken til kunden må då bli stipulert, for vi anar ikkje kva forbruket er, seier Dimmen.