Svart batteri
Det blir argumentert for at Noreg må satse på å bli Europas grøne batteri, spesielt som inntektskjelde, men også for å hjelpe til med omlegginga til fornybar energi på kontinentet.
For å seia det litt forenkla; når det er vind og sol på kontinentet, så blir overskotet av elektrisitet sendt til Noreg for lagring, mens vasskraftverka våre leverer elektrisitet til kontinentet når det underskot der. Det norske nettet fungerer då som ei form for batteri, men skal dette verkeleg monne, så trengst det både ei dramatisk utbygging av kraftliner til utlandet og ei storstilt utviding av vasskraftverka våre og etablering av norske pumpekraftverk, skriver Mads Løkeland i dette innlegget.
Det trengst ikkje stor fantasi for å sjå at dette vil gje massive naturinngrep, både på grunn av mange fleire kraftliner, utviding av vasskraftverka og raske nivåendringar i innsjøar (magasin) og elver. Fleire kraftliner til utlandet kan også føre til «import» av høge kraftprisar og bidra til å øydeleggja ein del av grunnlaget for norsk kraftkrevjande industri, som treng langsiktige avtalar og stabile prisar.
Straumen frå vind- og solkraftverk er ustabil og må bli balansert ved hjelp av ei form for batteri for å få stabil elektrisitetsforsyning, men det er ein dårleg idé å leggja dette «batteriet» mange hundre mil unna, med tap i kraftleidningane. «Batteria» bør vera nærast mogleg sol- og vindkraftverka, og nærast mogleg forbrukarane. Då blir det mindre behov for kraftleidningar og mindre naturinngrep langs leidningane.
Det er heldigvis andre gode løysingar på spørsmålet om «batteri», og noko av det mest lovande er å lagre energi i nedlagde gruver ved hjelp av trykkluft. Slike «batteri» kan bli lagt desentraliserte, og dermed blir behovet for kraftleidningar redusert til eit minimum. Sjå for deg ein tunnel der du pumpar opp høgt lufttrykk når det er overskot av elektrisitet, og du sendar trykklufta ut gjennom ein trykkluftmotor for å produsere elektrisitet når det er underskot. I Sveits har dei nettopp starta ein prototyp på eit slikt anlegg, med virkningsgrad på 73%, om lag det same som med norske pumpekraftverk, når ein reknar med tapet i kraftleidningane mellom Noreg og kontinentet. Gjenbruk av gamle gruver og tunnellar til energilager står fram som ein miljømessig overlegen metode for å lagre energi, saman med andre former for desentraliserte energilager og system med fleksibelt forbruk (smart grid) for å balansere sol- og vindkraftanlegga.
Det viktige er at landa på kontinentet kan balansere sol- og vindkraftanlegga sine sjølv, utan hjelp frå Noreg. Ikkje minst kan dei leggja «batteria» nær forbrukarane og kraftverka, og redusere behovet for kraftleidningar og naturinngrep.
På tide å leggja til sides snakket om Noreg som Europas grøne batteri, med alle naturinngrepa dette fører med seg, ikkje minst ytterlegare inngrep i den unike vassdragsnaturen vår.
Mads Løkeland
Naturvernforbundet