Nyhetsartikkel

05 desember 2017

Breane fortset å smelte

NVE sine frontmålingar av 31 brear viser at i 2017 har 21 brear trekt seg tilbake, ni brear er uendra, medan målingar ved éin bre viste litt framgang, opplyser NVE.

Den største tilbakegangen i år hadde Nigardsbreen ved Jostedalsbreen (-54 meter), Gråfjellsbrea ved Folgefonna (-43 meter) og Koppangsbreen i Lyngen (-32 meter).

Dronefoto 22. juni 2017 frå Nigardsbreen med brefrontar frå 2006, 2009 og 2013. Langs målelina var tilbakegangen frå 2006 til 2017 370 meter.

Mange norske brear hadde ein vekstperiode på 1990-talet, men etter år 2000 har alle breane minka. Midlare tilbakegang for 20 brear med samanhengande målingar sidan år 2000 er 237 meter. Breane i Noreg har den same utviklinga som breane i resten av verda. Årsaka til at breane trekk seg tilbake er at massebalansen – forholdet mellom kor mykje snø som fell på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren – har vore negativ i lengre tid. Midlare massebalanse på ti brear med lange måleseriar i perioden 1995-2016 (21 år) er -0,7 mve/år, det vil seie at breane i gjennomsnitt har minka ca. 17 meter i tjukkleik.

I Sør-Noreg har 15 av 24 målte brear trekt seg tilbake. Åtte brear har lite endring medan éin bre har gått litt fram.

Rundt Jostedalsbreen har sju målte brear i snitt trekt seg tilbake 20 meter. Nigardsbreen i Luster har trekt seg 54 meter tilbake i år, og 367 meter tilbake i løpet av dei siste ti åra. Fem brear med samanhengande målingar har i gjennomsnitt trekt seg tilbake 247 meter dei siste ti åra.

I Jotunheimen har ni målte brear i snitt trekt seg tilbake 11 meter i år. Leirbrean på Sognefjellet har trekt seg tilbake 20 meter i år, og 140 meter dei siste ti åra. Dei siste ti åra har seks brear i snitt vorte 88 meter kortare.

I Hardanger har åtte målte brear i snitt gått 11 meter tilbake i år. Gråfjellsbrea på vestsida av Folgefonna har trekt seg 43 meter tilbake og 415 meter tilbake i løpet av dei siste ti åra. Rembesdalskåka på vestsida av Hardangerjøkulen har trekt seg tilbake 2 meter i år og 90 meter dei siste ti åra. Åtte brear har i snitt trekt seg tilbake 121 meter dei siste ti åra. Den eine breen som viste framgang i år er Svelgjabreen på sørsida av Folgefonna. Målingane der tok til i 2007, og brefronten har flytta seg lite i perioden. Fronten ligg no 11 meter bak posisjonen i 2007.

I Nord-Noreg har seks av sju målte brear trekt seg tilbake, medan éin bre viser stillstand. Fem brear med samanhengande målingar har i snitt trekt seg tilbake 168 meter dei siste ti åra.

I Nordland har tre målte brear i snitt trekt seg tilbake 7 meter i år. Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, har trekt seg tilbake 8 meter i år, og 168 meter tilbake i løpet av dei siste ti åra.

I Nord-Troms og Vest-Finnmark har fire målte brear i snitt trekt seg tilbake 14 meter i år. Koppangsbreen i Lyngen har trekt seg tilbake 32 meter i år og 147 meter dei siste ti åra.

Dei 31 breane som vart målt i 2017 utgjer om lag 12 prosent av brearealet i Noreg.

Kommentarer

kommentarer