11
oktober
2017
Normal magasinbeholdning for årstida i Norge
Større auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 40 var fyllingsgraden i norske magasin 85,6 prosent.
Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp 2,8 prosenteiningar, mot ein nedgang på 0,1 prosenteining veka før.
Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 86,5 prosent, og minimumverdien 60,0 prosent.
Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 88,6 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 81,6 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 85,6 prosent.