Nyhetsartikkel

28 september 2017

Løyve til Prestfossan kraftverk i Selbu kommune

NVE gjev Statkraft Energi AS løyve til å byggje Prestfossan kraftverk i Garbergelva i Selbu kommune i Sør-Trøndelag.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at utbygginga vil vera eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 179 meter og ha ein forventa årleg produksjon på om lag 34 GWh. Dette svarar til straumbruken til 1700 husstandar.

NVE meiner at det i hovudsak er områda omfatta av naturreservat og nasjonalpark oppstraums planområdet som har dei største natur- og brukarverdiane i vassdraget, men at padleinteressene vil bli påverka ved ei utbygging i Garbergelva. Utbygginga vil få konsekvensar for om lag 20 prosent i øvre del av ei totalt 5 kilometer lang padlerute mellom Kjinnbyttfossen og Kjeldstad. NVE har lagt til grunn at det fortsatt vil vere mogeleg å padle heile strekninga i periodar med flaumvassføring på forsommaren og om hausten.

Utbygginga vil i stor grad redusere vassføringa gjennom Prestfossane i tørre periodar midt på sommaren. NVE meiner at negative verknader på fosselandskapet i denne perioden ikkje vil kunne avbøtast med slepp av minstevassføring. Resten av året vil minstevassføring og relativt låg slukeevne til ein viss grad ta hand om fossane som landskapselement.

Utbygginga vil etter NVEs meining medføre små og akseptable verknader for reinbeitedistriktet, både isolert sett og sett i samanheng med total belastning av inngrep innanfor distriktet. Det er eit krav at anleggsfasen blir planlagt i samråd med reindrifta slik at reinen i mist mogeleg grad vert forstyrra .

NVE har vurdert verknadane av ei utbygging på biologisk mangfald, og meiner at det må sleppast ei tilstrekkelig minstevassføring heile året for å ta vare på Garbergelva som habitat for flora og fauna som er knytt til vassdraget.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser, og har difor gjeve løyve til bygging av Prestfossan kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag har fremma motsegn til søknaden, og saka må derfor avgjerast endeleg av Olje- og energidepartementet.

Les meir om løyve til Prestfossan kraftverk her.

Kommentarer

kommentarer