Nettleiga kan stige med 30 prosent dei neste åra
Nettselskapa må investere fleire milliardar kroner i nytt nett dei komande åra. Rekninga får forbrukarane som sterk auke i nettleiga.
– Nettselskapa seier dei må investere rundt 140 milliardar kroner dei komande ti åra. Det svarar til ei auke i nettleiga på mellom 25 og 30 prosent.
Dei dyre spådommane kjem frå direktør Per Sanderud i NVE. Han får støtte frå direktøren i det største nettselskapet i Sogn og Fjordane.
– Sanderud er nok inne på rett nivå. Det kjem til å verte stor auke over heile landet, seier Asgeir Aase.
Frå gale til verre
Årsaka til den kraftige auken er behovet for nytt nett. Store delar av nettet er frå 1960- og 70-talet, og er modent for utskifting.
– Vi har levd godt på dei investeringane som førre generasjon betalte for, no er det vår tur til å betale, seier Sanderud.
Kostnadane vil merkast på straumrekninga til innbyggjarar over heile landet, men for nokre vil auken svi ekstra. Straumkundane i Sogn og Fjordane betalar alt nesten 40 prosent høgare nettleige enn landsgjennomsnittet.
Bekymra for utviklinga
Nettselskapa i Sogn og Fjordane kjem til å investere for rundt 300 millionar kroner per år, dei komande fem til ti åra, opplyser Aase.
– Korleis trur du auken vert motteke blant forbrukarane?
– Det er nok noko ein ikkje vil like, men det er ingen veg utanom, seier nettdirektøren.
Ein auke i nettleiga på opp mot 30 prosent vert ikkje godt motteke hos Huseiernes Landsforbund.
– Dette er tal som bekymrar oss, seier distriktsleiar Jan Erik Mardal.
Ber selskapa gå i seg sjølve
– Dette kjem opp på ei stadig auke i kommunale avgifter og eigedomsskatt og er med på å stramme grepet for huseigarane som vi meiner er veldig bekymringsfull, seier Mardal.
Han meiner selskapa må effektivisere drifta si, i tillegg peikar Mardal på at fleire selskap tek ut store utbyte.
– Då må det gjerast grep sentralt ved å sjå på kva som faktisk er mogleg å ta i utbytte der vi har så stort etterslep at kraftselskapa bør prioritere å bruke eigne midlar på å oppgradere nettet, seier Mardal.
Brukar ny kunnskap
Både Sanderud i NVE og nettdirektør Aase seier det vert jobba med å halde investeringane så låge som råd. I større grad enn tidlegare får nettselskapa kunnskap om kva tid og kor mykje straum vi brukar. Kunnskapen vert brukt til å unngå å byggje nytt, der det ikkje er nødvendig.
– Å bruke data for å investere så lite som mogleg, vert svært viktig. Vi jobbar heile tida med å finne nye måtar å utnytte denne kunnskapen på, seier Aase.