27
juli
2017
Ustabilt sommarvêr vil prege nesten heile landet komande helg. På Austlandet ventast det lokalt mykje regn torsdag og fredag. Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for området.
– Det er meldt lokalt mykje regn på kort tid på Austlandet torsdag ettermiddag og fredag formiddag. På tre timar kan det kome 30 millimeter regn, og i løpet av 12 timar kan det kome 40 millimeter, fortel statsmeteorolog Ragnhild Nordhagen.
Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel til alle fylka på Austlandet utanom Telemark.
– Det er vanskeleg å peike ut plasseringa på dei kraftigaste byene, men vi ser at særleg sørlege delar av Oppland og Buskerud er utsett, opplyser Nordhagen.
Eit lågtrykk som ligg nord for Skotland pressar ustabil luft mot Sør-Noreg, og er årsaka til at dei kraftige byene på Austlandet byggjer seg opp, og at Sør-Noreg elles får regn og regnbyer komande dagar. Laurdag kjem eit