Høg nettleige har sett sinna i kok på Facebook
Folk i Sogn meiner det er urettferdig at dei skal betale for at heile landet nyt godt av krafta vi produserer.
Det er sjeldan vi får så mange reaksjonar som på LO-kronikk om den høge nettleiga i Sogn og Fjordane fylke. I kommentarfeltet på Facebook boblar det over av sinte reaksjonar frå folk som er einige, skriv porten.no
– Ja, urettferdig at me skal betala for å senda energien ut av fylket. Altfor høg nettleige! Nettleiga skulle vore lik i heile landet, skriv ei.
– Eg fekk sjokk då eg fekk siste straumrekning. Og det hjelper så lite å spara på forbruket… nettleiga som kostar!, skriv ei annaifølge porten.no
Les også:Nettleiga i fjordfylket er urimeleg høg
E-verksjefane er på linje med folket
Jørgen Luggenes, e-verkssjef i Årdal Energi, forstår frustrasjonen.
– Eg har vore ueinig i dette i mange år, men det er diverre vanskeleg å gjera noko med, seier han.

Ei oversikt NRK har laga viser at Sogn og Fjordane produserer nest mest kraft, likevel er det her vi betalar mest for ho. Nettleigeprisane ligg nesten førti prosent over snittet i resten av landet.
Les også:– Nettleiga må utjamnast!
Årsaka til det er todelt. For det første kostar det å bu grisgrendt. Vi er færre som kan dele på utgiftene. For det andre kostar det å ha ein infrastruktur som kan frakte all straumen vi produserer ut av fylket. Det siste punktet er det som ergrar mest.
– Det er synd at me som bur så nær produksjonen av krafta, skal ha den høgaste prisen, seier Luggenes.
Kollegaen Per Gullaksen i Lærdal Energi meiner politikarane sit med nøkkelen til løysinga på problemet.
– Vil me at folk skal bu her i distrikta, så må vi leggja til rette for at dei er konkurransedyktige, seier han.
– Bør vere betre utjamning
Han har den tvilsame æra av å vere sjef for det selskapet i Norge med dyrast nettleige akkurat no.
– Det heng direkte saman med den brannen me hadde. Den kosta oss seks millionar i botnlinja, utan at me fekk noko støtte eller noko tilbake. Normalnivået er sånn nokolunde på linje med dei rundt oss og me håpar å vera tilbake der om ikkje alt for lenge, seier Gullaksen.

Normalnivået han snakkar om er likevel i landstoppen. Sogn har tre av dei ti dyraste nettselskapa i landet, ironisk nok kraftkommunane Lærdal, Årdal og Aurland.
– Det er lange dalar me har og dei skal forsynast med straum opp i kvar ende, så det er klart det vert dyrare. Utbygging av kraft i våre dalar er òg kostnadsdrivande. Delar av kostnadane tek utbyggar, men ein del fell ned på abonnentane, seier Gullaksen.
– Kva synst du om det?
– Det burde vera ei betre utjamning, heilt klart, men akkurat korleis det bør gjerast, det veit eg ikkje, seier han.
VEKKJER HARME: Det er tydeleg at nettleige er eit tema som engasjerer. Reaksjonane på Facebook gir eit tydeleg signal om kva folk meiner. Fotomontasje: Skjermdump frå Facebook/Pixabay