Nyhetsartikkel

02 januar 2017

Løyve til to og avslag til to små vasskraftverk i Fjaler

Løyve til to og avslag til to små vasskraftverk i Fjaler – NVE

NVE gjev løyve til Tjøredalselva og Lønnebotn kraftverk, medan Øyrafossen og Yndestadhølen kraftverk får avslag. Alle dei planlagde kraftverka ligg i det verna Guddalsvassdraget i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane.

Dei to kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 7,1 GWh straum i eit medels år. Det svarar til straumbruken til om lag 350 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 9,1 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta. Alle prosjekta ligg i Guddalsvassdraget, som ble verna i verneplan IV.

Verknad på verneverdiane har vore det viktigaste tema i NVEs vurdering. Verneverdiane er mellom anna knytt til vassdraget si verdi som type- og referansevassdrag, biologisk mangfald, kulturminner, friluft- og landbruksinteresser. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som ikkje er i konflikt med verneverdiane, samstundes som dei har liten konflikt med andre ålmenne interesser. NVE har lagt vekt på at kraftverka bidrar med produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Det er etter NVE si meining ikkje mogeleg å endra prosjekta som har fått avslag på ein måte som gjer at verneverdiane ikkje vert svekka.

Les meir om kvart enkelt kraftverk:

Søkjar Kraftverk Produksjon (GWh)/år
Tjøredalselva kraft SUS Tjøredalselva kraftverk 4,2
Øyrafossen kraft SUS Øyrafossen kraftverk Avslag
Yndestadhølen kraft SUS Yndestadhølen kraftverk Avslag
Lønnebotn kraft SUS Lønnebotn kraftverk 2,9

 

Kommentarer

kommentarer