Nyhetsartikkel

28 desember 2016

Løyve til Bordalselva kraftverk

NVE gjev Statskog Energi AS løyve til å bygge Bordalselva kraftverk i Molde kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil produsere omlag 6,7 GWh i eit medels år.

Dette svarar dette til straumbruken til om lag 330 husstandar.

Bordalselva kraftverk vil nytte eit fall på 296 meter i Bordalselva mellom inntak på kotehøgde 303 og kraftstasjon på kotehøgde 7. Vassvegen på om lag 2270 meter er planlagd nedgraven på heile strekninga.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Bordalselva kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar. Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for naturmangfald. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna tilstrekkeleg minstevassføring og aktsemd i anleggsfasen. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Bordalselva kraftverk.

 

Les meir om Bordalselva kraftverk

 

Kommentarer

kommentarer