Nyhetsartikkel

03 november 2021

20 prosent lavere strømpriser i SørNorge

Mildare vêr og lågare prisar

Kraftprisane fall ytterlegare i Norden førre veke. Mildare vêr og lågare forbruk bidrog til prisfallet. Dei sørlege prisområda i Noreg (NO1, NO2, NO5) hadde ein vekepris på 80,2 øre/kWh, ein nedgang på 20 prosent frå veka før. Sjølv med denne nedgangen hadde desse prisområda den høgaste vekeprisen i Norden. Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) hadde den lågaste kraftprisen i Norden på høvesvis 14,4 og 14,6 øre/kWh,opplyser nve.no.

Dei siste vekene har det vore store svingingar i terminmarknaden. Kontraktane for nordisk og tysk kraft for fyrste kvartal 2022 fall med høvesvis 10 og 20 prosent førre veke. Forventningar om mildare vêr og mindre knapp ressurssituasjon i brenselsmarknaden framover er ein viktig årsak til nedgangen.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 43 2021 (PDF)

Vassmagasinstatistikk
Framleis auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 43 var fyllingsgrada i norske magasin 71,3 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 3,0 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 83,1 prosent. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 83,2 prosent, mens Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 61,4 prosent. Les meir om Vassmagasinstatistikk her.

Kilde: NVE

Kommentarer

kommentarer