Nyhetsartikkel

13 august 2021

Sterk auke i strømprisane

Kraftsituasjonen veke 31, 2021: Auke i kraftpris i Nord-Noreg

I førre veke var gjennomsnittsprisen 47,0 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4), ein auke på 56 prosent frå veke 30. Det var i utgangspunktet tatt ut ein del vasskraftproduksjon i Nord-Noreg for vedlikehald, og førre veke vart det tatt ut ytterlegare produksjon. Dette kan ha bidrege til at kraftprisen her følgde kraftprisen i Midt-Noreg og Nord-Sverige i større grad, skriv NVE i Kraftsituasjonsrapporten.

Gjennomsnittsprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) auka til om lag 60,0 øre/kWh og i Midt-Noreg (NO3) til 56,3 øre/kWh. Prisane i dei ulike prisområda i Noreg har ikkje vore så nære kvarandre sidan starten av mai.

Søndag morgon hadde Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) enkelttimar med tilnærma nullprisar. Dei låge prisane heng saman med høg vindkraftproduksjon på kontinentet som bidrog til import av rimeleg kraft til Noreg. Utover dagen, da forbruket i Noreg auka, vart høgare prissett kraftproduksjon tatt i bruk, og kraftprisen gjekk opp.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 2021 (PDF)

Kilde: NVE.no

Kommentarer

kommentarer