Nyhetsartikkel

27 januar 2021

Strømprisen ble doblet i uke 1 i 2021

Førre veke sank temperaturane ytterlegare. Det bidrog til at forbruket auka med 16 prosent frå veka før. Produksjonen auka òg, og ein må tilbake til 2016 for å finne ei veke med like høg produksjon. Vekesprisene i alle prisområda i Noreg, utanom i Nord-Noreg (NO4), auka til om lag 53 øre/kWh, og vart dermed meir enn dobla samanlikna med veka før. Dette er på nivå med kraftprisane i resten av Nord-Europa, skriver NVE i Kraftsituasjonen for uke 1 i 2021.

På torsdag og fredag førre veke var kraftprisen i enkelte timar over 100 øre/kWh i alle prisområda utanom i Nord-Noreg. Dei høge prisane hadde si årsak blant anna i høgt forbruk og låg vindkraftproduksjon både i Norden og nord på kontinentet. Eksportkapasiteten ut frå Nord-Noreg vart utnytta fullt ut i førre veke. Kraftprisen i det nordlegaste prisområde vart difor ikkje like høg som i områdane ikring, og enda på 29 øre/kWh i gjennomsnitt for veka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 1 2021 (PDF).

Kommentarer

kommentarer