Nyhetsartikkel

11 mars 2019

NVE tilrår overføringar til Blåfalli III kraftverk i Kvinnherad

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sunnhordaland Kraftlag AS (SKL) løyve til å overføre Grøningsbekken 2 og Bekk Urdabotn til vasstunellen til Blåfalli III kraftverk. Tiltaksområdet er avgrensa til to mindre sidefelt i Blådalsvassdraget i Kvinnherad kommune i Hordaland. Dei planlagde overføringane vil gje om lag 4,8 GWh/år regulerbar kraft til Blåfalli III kraftverk.

Begge bekkane renn naturleg ut i Blåelva nedstraums Blådalsvatnet. Samla nedbørfelt er berekna til 1,5 km2 ved dei planlagde  inntaka. Middelvassføringa for Grøningsbekken 2 er berekna til 113 l/s og 104 l/s for Bekk Urdabotn. Maksimal kapasitet på overføringane er planlagt til høvesvis 1,7 m3/s og 1,6 m3/s.

Området er ein innfallsport til Folgefonna, og det er registrert interesser knyta til landskap, friluftsliv, turisme og biologisk mangfald, og som kan bli noko påverka av ei eventuell utbygging. NVE legg elles vekt på at området er prega av tidlegare inngrep knytt til kraftutbygging.

I totalvurderinga legg NVE vekt på at tiltaka vil gje auka regulerbar kraft i eit allereie utbygd vassdrag. NVE meiner at fordelane med tiltaket er større enn ulempene for ålmenne interesser, med dei krava vi har anbefalt om slepp av minstevassføring og istandsetjing av inntaksområda

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om saken her 

Kommentarer

kommentarer